Mor og far gjør seg klar til å bære ut kajakken med en liten gutt oppi

Den Trondhjemske postvei
Hva skjer langs veien?

Det skjer mye spennende langs den Trondhjemske postvei i disse dager, og det er flere gode prosjekt på gang. Har du ei artig historie på lur, eller et prosjekt som du vil dele? Send den inn til oss.

Postveiseminar

Mads Heggen Den trondhjemske postvei 6 Alver

Langs vakre fjordar, gjennom frodige skogar, over fjell og vassdrag slynger Den Trondhjemske postvei seg frå Bergen til Trondheim. Med sine 70 mil tek den deg med på ei historisk reise gjennom 3 fylker og 21 kommunar og eit stor tal stader og bygder. Den Trondhjemske postvei knyter små og større stader saman og utgjer ein inngangsport til verdiane og særpreget desse staden kan by på. Vil du være med på reisa?

Vi ønsker å samle deltakarar frå fylke, kommune og frivillig sektor som har forvaltningsansvar for, er engasjert i, har erfaring med eller bor i dei områda kor Den Trondhjemske postveien går. I dette seminaret ønsker vi å inspirere, auke kunnskap om og gi grobotn for gode initiativ inn i arbeidet med Den Trondhjemske postvei.

Arbeidet med den Trondhjemske postvei er del av verdiskapingsarbeidet Ein bit av historia og har som mål å mogleggjere eit nasjonalt postveiprosjekt. Samarbeidspartane i prosjektet er Vestland fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune og Statens vegvesen ved Norsk vegmuseum. Partane har ein felles visjon om at den Trondhjemske postvei skal takast vare på og opplevast som ein samanhengande historiske strekning frå Bergen til Trondheim. Det er og mål om at ein gjennom prosjektet skal stimulere til utvikling av opplevingar langs strekninga, ved å mobilisere opplevingsnæringa og legge til rette for samarbeid mellom opplevingsnæring og forvaltning.

Velkommen!