Den Trondhjemske postvei
Bergen kommune

Bergen har gjennom heile si historie vore ein internasjonal handels- og sjøfartsby, og så og seia all varehandel og persontransport til byen skjedde via sjøvegen. Også lokalbefolkninga som budde i omlandet rundt byen kom gjerne med båt. Med ein topografi omkransa av sjø og fjell var det naturleg nok få, eller gode, vegar til byen.

Til generell tekst om Bergen 12 Losting postrytter Ui B

I 1647 fekk Bergen postsamband med Christiania, og vart den første byen i landet med eigen postmeister. Mellom Bergen og Trondheim var det inga fast hovudveg før postruta mellom kystbyane vart vedteken i 1785, og fram til då måtte alle brev gå via Christiania, noko som var svært tungvindt og tidkrevjande.

I Bergen følgde Den Trondhjemske postvei ein gammal rideveg ut av byen som kryssa fleire fjell. Sjølv etter oppgraderingar som følgde etter 1785 var dette ei strekning av postvegen som reisande klaga mykje over og som fleire stader ikkje hadde fullgod «postvegstandard». Til det var vegen for smal og for bratt, noko som førte medførte at den aldri vart brukande til anna enn ein kløv- og rideveg der ryttaren helst gjekk av hesten i dei brattaste kleivane. Først på slutten av 1800-talet vart vegen avlasta av ein moderne chaussé som slynga seg i sløyfer opp Munkebotn og over Sandviksfjellet til Eidsvåg, og som gjorde det mogleg å køyre opp bakkane med hest og vogn.

Ruta i Bergen

Frå postkontoret, som hadde tilhald ulike stader i det historiske sentrum, gjekk ruta gjennom Øvregaten bak Bryggen, over Stølen og langs Sandviksveien. Frå Munkebotn gjekk vegen bratt opp og over Sandviksfjellet. Vel nede i Eidsvåg steig vegen att opp mot Øvre Ervik og gjennom Glaskaret til Rolland, som var første postgard og skysskifte etter byen. Derifrå gjekk vegen i retning Åsane kyrkje og vidare til Mellingen. Der bar det bratt opp att mot Rimmaskaret, så ned forbi Falkanger og til Hordvik, som var neste postgard. Frå Tellevik vart posten rodd over fjorden til Isdalstø i Alver kommune.

Utvalgte parseller – Bergen kommune

Tur 1 Gunnåbrekka IMG 4638

Munkebotn - Eidsvåg

Frå Munkebotn kan ein følgje postvegen over Sandviksfjellet, ei strekning på vel 2.5 km. Vegen har ulik standard, men er somme stader nokså bratt og egner seg best for turgåing. I Munkebotn finn ein postvegen like bak Sandviken sjukehus, eller i Munkebotnvegen like etter første brua.
Les mer
Tur 2 Steinhellebru Storbotn

Glaskaret - Rolland

Strekninga er ca. 1,5-2 km og følgjer original vegtrase. Denne turen egner seg best for vanleg turgåing, og er lite egna for barnevogn eller sykkel. Parkering langs offentleg veg.
Les mer
Tur 3 Lån OK Mellingen Rune Kilen red

Mellingen - Falkanger

Strekninga er i underkant av 3 km. Her er noko stigning, men vegen er lett å gå for alle - også med barnevogn og sykkel. Det er P-plass ved Mellingen og Falkanger.
Les mer
Håbroen Bergen