Samarbeid skal løfte postvegen
Inviterer engasjerte til å bidra
Samarbeid mellom forvaltningsnivå og andre som er interesserte i, eller har ansvar for postveien står sentralt i dette prosjektet der Trøndelag fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen er samarbeidspartar.
Prosjektet er finansiert av samarbeidspartane samt med verdiskapingsmiddel frå Riksantikvaren. Det er eit mål for prosjektet og også utløyse andre økonomiske verkemiddel i prosjektperioda. Vil du vite meir, finn du heile prosjektplana her (PDF 8,9 MB).
(På bildet over)
Bruhaugen bru i Gulen kommune. Foto: Tine Eikehaug, Statens vegvesen
Over 70 engasjerte møttest i Bergen
I mars 2023 var det helde eit samskapingsseminar i Bergen. Over 70 engasjerte menneske møttest med det til felles at dei kjenner eit engasjement for og er opptatt av postvegen. Deltakarane hadde ulik inngang til arbeid med postvegen: grunneigarar, kommunetilsette på kultur og næringsfeltet, frivilligkoordinatorar, reiselivsbedrifter og kulturminnevernarar frå ulike forvaltningsnivå. Det felles målet var å sjå korleis ein kan samarbeide og samskape langs den nasjonale ferdselsåra.
I prosjektet er det rom for lokale initiativ og tiltak og den nasjonale overbygninga har som mål å levere ein del gode fellesløysingar som kan kome alle til gode og gjere arbeidet enklare og meir motiverande. Samskaping er hovudmål gjennom heile prosjektperioda og viktige oppgåver utover våren og sommaren 2024 blir å utvikle ein felles skiltmal for postveien samt å utvikle gode digitale plattformar for formidling av postveien. Det er også mål om at ein skal etablere tilskotsordningar for lokalt arbeid med postvegen.
(På bildet under)
Regn ikkje eit hinder: Under samskapingsseminaret inviterte vi prosjektet sjølvsagt deltakrar til å bli med på vandring langs postveien i Bergen. Turen frå Ytre Sandviken til Eidsvåg byr på strekker kor den opprinelege postveien er godt synleg, vakker natur og spanande kulturminne langs vegen. Det var ein sprek og uthaldande gjeng som var med å vandre.
Finn nye moglegheiter: Under samskapingsseminar i Bergen vart deltakarar utfordra i gruppearbeid på tvers av forvaltningsnivå og roller i postveiarbeidet. Gjennom gruppearbeidet identifiserte vi utfordringar og moglegheitsrom for vidare arbeid med postveien.
Er du engasjert i postvegen?
Har du eit engasjement for postvegen i din kommune og har du lyst til å delta i prosjektet? Då kan du kontakte kommunen din eller postveiprosjektet og bli del av eit nettverk som ønsker det same som deg. Kontaktinformasjon finn du ved å følge denne lenka.