Lanserer ny nettside for Den Trondhjemske postveg
Målet er å bidra til auka kunnskap om, og engasjement for, den nesten 300 år gamle postruta frå Bergen til Trondheim. Den historiske vegen er eit samla kulturminne, og går gjennom åtte kommunar i fylket frå Volda i sør til Surnadal i nord.
Det er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har jobba frem nettstaden, i samarbeid med Statens vegvesen, og arbeidet er støtta av Riksantikvaren.
Ifølge rådgivar hos fylkeskommunen, Sunniva Nerbøvik, er hensikta å vise korleis ein kan skape nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar gjennom auka verdiskaping og turisme langs postvegen.
– Postveien er ikkje berre gamle stiar, det er eit viktig kulturminne, og langs etter vegen finn vi mange enkeltminner i form av bruer, postnaust, landingsvorer, skysstasjonar og postopneri. Og ikkje minst mange flotte turmål for store og små, seier Sunniva Nerbøvik. Ho ser fram til at fleire no kan bli kjend med dette unike kulturminnet gjennom nettstaden.
– Det var helt utroleg kor mange spennande historier, turopplevingar og menneskelege skjebnar som kom fram når vi begynte å grave i historia om postvegen gjennom fylket, seier Børre Andreassen, kommunikasjonsrådgivar hos Havnevik.
– Vi trur at auka satsing på postvegen kan bidra til meir turisme i eigen region, turisme som er meir berekraftig og mindre avhengig av biltransport, fortsett han.
– Mange næringar kan hauste positive effektar av satsing på postvegen, både innanfor kortreist mat, entreprenørar, transport og reiselivsnæring. Ein nøkkel vil vere å gjere postvegen interessant for en større målgruppe, og særleg blant yngre vaksne, avsluttar Andreassen, som håper nettstaden får mange til å opne opp augne for det store potensialet til postvegen.
Les den opprinnelige saken hos mrfylke.no.