Familiedag med postvandring & kunst
Kunstvandring langs Den Trondhjemske postvei
Kl. 12
Oppmøte på Vang.
Kl. 12–14
Vandring frå Vang til Stangvik. Skulpturar og utdeling av postkort.
Kl. 14
Opning av utstillinga i Bondehuset galleri. Utstilling og andre aktivitetar i Bondehuset. Postmeister, lirekassespelar og indianar kjem. Salsboder, utstilling og sal av frimerke, skriving og sending av kort, vikingutstilling mm. Sal av bakels, kaffe/te, brus, is, pølser med meir.
Kl. 16–16.45
Postvegkunstnarane, Brit Dyrnes, Jørgen Moe, Toril Redalen, Yngvild Sæter, Siri Skjerve og Jorun Kraft Mo fortel om arbeida sine i samtale med Svein Sæter.
Kl. 17
Avslutning av opninga.
Utstillinga vil stå fram til 20. august. Opningstider i Bondehuset galleri: klokka 11 til 14 alle dagar, med unnatak av måndagar.
Arrangør: Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» er eit samarbeid mellom Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag, og er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal kommune og Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank.