Tur 1 Gunnåbrekka IMG 4638

Munkebotn - Eidsvåg

Frå Munkebotn kan ein følgje postvegen over Sandviksfjellet, ei strekning på vel 2.5 km. Vegen har ulik standard, men er somme stader nokså bratt og egner seg best for turgåing. I Munkebotn finn ein postvegen like bak Sandviken sjukehus, eller i Munkebotnvegen like etter første brua.

I Munkebotn går postvegen bratt opp Gunnåbrekka til Sølvberget. Langs denne strekninga er det storslått utsikt mot Bergen og Byfjorden. Bak den øvste bustadblokka i Skyttervegen held postvegen fram opp gjennom den bratte Våkenskaret. Ved Garpetjernet når ein vegens høgste punkt. Eit segn fortel at tjernet i mange år bar namnet Jomfrudammen fordi munker skal ha drukna ei ung jente her. Frå Garpetjernet går vegen nedover mot Langevatnet, der postvegen går i lag med hovudvegen frå siste del av 1800-talet. Ved Langevatnet ligg restar etter eit gammalt ishus, som vart brukt til å oppbevare isblokkar. Desse vart mellom anna eksportert til England. Det ligg også ein kai ved vatnet. I nordre ende av vatnet tek postvegen av og stuper bratt ned Kistekleiva mot Eidsvåg, medan 1880-vegen ligg i store slyngar ned fjellsida. Nedst i bakken ligg vegen i kanten av ei demning. Frå Eidsvåg auto kan ein følgje vegen vidare under E39 til Eidsvågsbakken og vidare forbi Eidsvåg fabrikker til Vollane.

Tur 1 utsikten frå Gunnåbrekka IMG 4657