Tur 3 Lån OK Mellingen Rune Kilen red

Mellingen - Falkanger

Strekninga er i underkant av 3 km. Her er noko stigning, men vegen er lett å gå for alle - også med barnevogn og sykkel. Det er P-plass ved Mellingen og Falkanger.

Dette er kanskje den mest populære strekninga av Den Trondhjemske postvei, kanskje ikkje så rart då den er lett å gå og byr på store opplevingar undervegs. Heilt i starten, ved Mellingen, går vegen gjennom gardstunet. Her må ein følgje skiltinga og gå utanom tunet! I Mellingen ligg ei fin steinbru over Dalselva. Vidare opp bakkane ligg vegen gjennom eit velhalde kulturlandskapet med lange, flotte steingardar og fleire uthus i stein. Og jo lengre opp i bakken ein kjem, jo meir storslått vert utsikta over Dalabygda – det best bevarte jordbruksområdet i Åsane.

Gjennom det lange Rimmaskaret, som ligg mellom fjella Veten og Håsteinsfjellet, ligg vegen i ganske flatt lende gjennom eit utmarksområde med skog og myr tett attmed vegen. Ved Sætre og Falkanger kjem ein atter nær innpå gardstun og levande kulturlandskap, tidvis med utsyn mot Nordhordland.

Diverre er eit stykke av postvegen øydelagd av nyare skogsbilveg på Falkanger, men det er råd å finne den att eit stykke nordover.

Tur 3 Den Trondhjemske postvei Svein Harkestad