Tur 2 Steinhellebru Storbotn

Glaskaret - Rolland

Strekninga er ca. 1,5-2 km og følgjer original vegtrase. Denne turen egner seg best for vanleg turgåing, og er lite egna for barnevogn eller sykkel. Parkering langs offentleg veg.

Turen startar i Erdal, der ein finn postvegen lengst nord i Glaskaret. Her går postvegen bratt opp mot Glaskaråsen, og vidare mot Storbotn og Rolland. Vegen går gjennom vakkert kulturlandskap, her er steingard, spor etter rydningsrøyser og fundament etter den eldste telegraflinja. Nordover frå Storbotn ligg ei steinhellebru med ein merkestein oppå. Vidare herifrå går vegen gjennom utmark som ikkje lenger blir beita, og kulturlandskapet er i ferd med å gro att, men vegen er tydeleg og fin å gå. Når ein nærmar seg den gamle postgarden på Rolland opnar landskapet seg att. Garden er omkransa av ein fin gammal steingard, og fleire av gardshusa er frå 1800-talet, eller kan henda endå eldre. Vidare nordover ligg postvegen under dagens veg (Rollandsvegen).

Rolland var den første postgarden etter Bergen. Det vert fortalt at postføraren frå Bergen alltid bles i hornet når han var på toppen av Glaskaret. Og då måtte postføraren på Rolland straks gjere seg og hesten klar til å overta posten og føre den vidare til postgarden i Hordvik.

Tur 2 Opp Glaskaret IMG 4260