Møte med kyskultur ved Norges fiskerimuseum Foto Kristine Fauske

Turmat frå heile verda og kulturhistorisk vandring langs den Trondhjemske postveg

I samband med Friluftslivets veke blei det onsdag den 10. september gjennomført ei kulturhistorisk vandring langs traséen for Trondhjemske postveg frå Bergen sentrum over Munkebotn til Eidsvåg.

Tekst: Anders Søyland og Berit Vik, Vestland fylkeskommune og Aina Matre, Museum Vest

Robåt Norges Fiskerimuseum Foto Kristine Fauske

Ettersom dette og var «turmat frå heile verda-dagen», blei det undervegs i vandringa lagt inn ein stopp med internasjonal turmat og fokus på kystkultur på Norges Fiskerimuseum. Arrangementet var eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Vestland Innvandrarråd, Bymuseet i Bergen, Norges Fiskerimuseeum og Bergen kystkultursenter.

Da arrangementet var lagt til dagtid på ein onsdag, var det knytt spenning til kor stort oppmøtet ville bli. Det var difor ei gledeleg overrasking at rundt 40 personar møtte opp til starten av vandringa ved Mariakirken. Det var også gledeleg at det var stor variasjon blant dei som møtte opp, både når det gjaldt nasjonalitet og alder.

Birthe Stenhjem frå Bergen kommune, som var ein av guidane på fyrste del av vandringa, fekk god bruk for sine russisk-kunnskapar da det var ei gruppe med ukrainske flyktningar blant dei frammøtte. «Turmaten» som var annonsert ved åtkomst til Fiskerimuseet, forsvann raskt. Heldigvis hadde museet ein reserveløysing og diska opp med den kanskje norskaste turmaten som finns, nemleg grovbrød med brunost. Dei som ville kunne vere med på gratis omvising på museet og på ro-tur i tradisjonsbåtar på fjorden.

Etter nokre timar på Fiskerimuseet blei ei gruppe på 10-12 personar med vidare på vandring langs den opphavelege postvegtraseen frå Sandviken til Eidsvåg. Berit Vik, som er med i prosjektgruppa for postvegprosjektet i Vestland Fylkeskommune, leia ann og gav ei interessant innføring i historia til postvegen og ferdsla langs denne. Oppe ved Garpetjern, eller Jomfrudammen som vatnet også blir kalla, skilte gruppa lag. Storparten var klare for bålkos og noko godt å bite i ved bålplassen sør for Langevatnet i Munkebotn, medan ei mindre gruppe følgde postvegtraséen ned til Eidsvåg. Der tok dei ein liten avstikkar til Eidsvåg kyrkje, som dei hadde fått lov til å ta i bruk for kaffedrøs. Gode samtalar blei det både i kyrkja og ute ved bålet, og mørket hadde senka seg før heimturen var omme.