Inviterer til samskaping: Postvegen over Ørskogfjellet skal bli nytt turistmål
Målet er å bruke samskaping som metode for å mobilisere lokalmiljø langs posteveien til sjølve å ta ansvar for å utvikle lokale strekningar på postveien. Det er dette som kallast samskaping. Kulturminne skal brukas som ressurs i lokalsamfunnsutvikling.
Strekninga mellom Vestnes og Sjøholt er den første piloten i Nasjonalt postveiprosjekt, som er eit felles prosjekt mellom Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag fylkeskommunar og Statens vegvesen for perioden 2024–2026.
Det er kommunane som vil være pådrivarar for samskaping av postveien. Ålesund og Vestnes kommunar er allereie i gang med å etablere ei lokal samskapingsgruppe for Ørskogfjell med lokale aktørar innan opplevelsesbedrifter og frivillige lag og foreninger. Desse skal sørge for eit mangfald av aktivitetar som dei skapar saman.
– Vestnes og Sjøholt er interessante stader å besøke fordi dei tilbyr attraktive opplevelser og fordi dei er kjent for sin gjestfriheit, uttaler Ingrid Skjegstad frå Vestnes kommune. Ho er kommunens representant for samskapinga av postveien mellom Vestnes og Sjøholt. Ho legg til at ein idé som har dukka opp tidleg i prosessen er ein postveimarsj. Dette er eit eksempel på tiltak som kan bidra til større bruk av postveien.
– Vi håper strekninga over Ørskogfjell allereie om nokre år er kjent i lokalmiljøa og er eit ynda reisemål for turistar i regionen og deo som for eksempel kjem med cruisebåt inn til Ålesund, seier Elin Grete Vatnehol, som er Ålesund kommune sin representant for samskapinga av strekningen.
Postveien er ikkje så godt kjent som kulturmiljø. Ei rekke lokale krefter langs postveien skal nå være med å blåse liv i den gamle postveien, som truleg er Norges lengste kulturminne. Historia om Den trondhjemske postvei går tilbake til byrjinga av 1700- talet da det vart bestemt at det skulle gå ein vektenleg postgang mellom Bergen og Trondheim.
– Å utvikle ein felles skiltmal for postveien er eit viktig tiltak. Skilt som er gjenkjennbare vil bidra til å binde saman postveien og dei mange lokalsamfunna langs den. Skilt bidreg også til at kulturmiljøet og dei mange aktivitetane som allereie ligg langs postveien blir meir synleg, seier Statens vegvesen sin representant i prosjektgruppa, Cathrine Thorstensen.
På bildet: Deltakarar på samskapingsmøtet i Sjøholt i mai. Lunsjen dei blir servert er postveimatpakka, eit matkonsept under utvikling i samskapingsgruppa av Stolt Mat Sjøholt.
Ein hovudtanke med Nasjonalt postveiprosjekt er å bidra til å opne nye moglegheitsrom for utvikling av lokalsamfunn og for å løyse ut kulturhistoriske verdiar som ressursar for rekreasjon, opplevelser og reiseliv langs utvalde strekningar.
– For å oppnå dette må kulturminneforvaltninga jobbe i partnarskap med lokalsamfunn langs veien. Nasjonale og regionale myndigheiter må beskrive måla for forvaltninga av eit kulturmiljø, og bidra med finansiering og kompetanse, men vår viktigaste oppgåve blir meir og meir å mobilisere kommunar og lokale ressursar til å forene krefter for å oppnå mål i kulturminneforvaltninga, forklarer Hildegunn Maria Haanes Ruset, som er prosjektleiar og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ho håper at strekninga over Ørskogfjell blir eit godt eksempel på framtidas kulturminneforvaltning, og legg til:
– Gjennom samskaping synleggjer vi postveien som eit unikt, nasjonalt kulturmiljø, samtidig som vi løfter fram historiske og viktige stader langs postveien som i dag blir lite besøkt.
På bildet: Mangeårig primusmotor for postveiarbeidet over Ørskogfjell, Ivar Holmeide, viser fram retningsskilt. Holmeide er no aktiv i samskapingsgruppa og har mykje viktig erfaring og kunnskap å dele.
Slik samskapar vi postveien Etablering av lokale samskapingsgrupper langs tre postveistrekningar i 2024
«Nasjonalt postveiprosjekt 2023–2026» skal legge til rette for at det etablerast lokale samskapingsgrupper langs tre postveistrekningar i 2024. Prosjektet har som mål å etablere minst ni samskapingsgrupper i prosjektperioden (2024–2026). Målet er at desse samskapingsgruppene skal være sjølvdrevne etter prosjektperioden.
Er du interessert i å komme i gang med samskaping av postveien i din kommune?
Send ein e-post til prosjektleiar Hildegunn Maria Haanes Ruset.
Her finn du kontaktinformasjon til dei øvrige samarbeidspartane.
Tilhøyrer du eit lokalsamfunn på strekninga Vestnes til Sjøholt og ønsker å bidra til samskaping?
Ta kontakt enten med Elin Grete Vatnehol (Ålesund kommune) eller Ingrid Skjegstad (Vestnes kommune).