Ljobrekka 1 jpg

Gamle spor, nye idear: – Har stort potensial

Torsdag 5. mars vart det halde møte der bruk og ny utbygging av postvegen over Ljøbrekka var tema. Møtet på Stranda samla kring 15 deltakarar.

Mange nye idear kom fram for bruk av postvegen over Ljøbrekka på møtet som vart halde på Stranda nyleg. I Storfjord kulturhus møttest lokale og regionale aktørar til arbeidsverkstad 5. mars, og der vart tankar og utvikling av postvegstrekninga mellom Ljøkaia og Herdalen drøfta.

Målet med samlinga var å få fram idear til korleis postvegen kan utviklast vidare som kulturmiljø og ressurs for lokalsamfunnet.

Deltakarane representerte både kompetanse og interesser – frå grunneigarar, næringsliv og frivillige organisasjonar til offentlege aktørar og utdanning. Deltakarar på møtet kom frå mellom anna Hellesylt Ungdomslag, Hotel Union Øye, Sunnmøre friluftsråd, Stranda kommune, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Høgskulen i Volda og fleire lokale initiativ.

Ljobrekka 2 jpg

Arbeidsverkstaden var del av Nasjonalt postveiprosjekt og hadde som mål å utforske moglegheiter for utvikling langs strekninga.

Dagen starta med innleiingar om postveiprosjektet og om samanhengen mellom postvegen og verdsarvområdet, før deltakarane arbeidde i grupper med idear til nye tiltak.

– Den trondhjemske postvei er eit nasjonalt kulturmiljø med stort potensial. Gjennom samskaping ønskjer vi å synleggjere verdiane i kulturmiljøet og leggje til rette for lokal verdiskaping, seier seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune og leiar for styringsgruppa for postveiprosjektet, Hilde Arna Tokle Yri.

Resultatet vart mange nye og spennande forslag. Næringsutvikling stod sentralt i diskusjonane, men deltakarane var samde om at utviklinga må skje på ein måte som kjem lokalsamfunnet og grunneigarane til gode.

– Det viktigaste no er å byggje vidare på engasjementet og få realisert nokre konkrete tiltak, seier Inge Bjørdal, lokal koordinator for prosessen og tidlegare næringssjef i Stranda kommune.

Neste samling i arbeidet blir 22. april. Då skal deltakarane prioritere mellom dei innkomne forslaga og starte arbeidet med å realisere nokre av ideane. Også denne arbeidsverkstaden finn stad i Storfjord kulturhus.

Denne saka vart først publisert på Nyss.no, 7. mars 2026.