
Reddar vegen med gamalt handverk
Alle foto: Høgskulen i Volda
– Eigentleg skulle muring vore på blå resept, seier Olav Sætre, for du kjem i ein slags flyt.
Saman med kollega Per Ole Reite frå J.E. Sandal grev han seg bakover i historia, til ei tid då dette vegstrekket var ein del av Den trondhjemske postvei. Dei har fått i oppdrag å restaurere ei av kisteveitene langs vegen som tek deg frå Ljøen og ned til Sunnylvsfjorden
– No skal det tilbake til sånn som det var ein gong, fortel dei.

Ei heilt spesiell grøft
Ei kisteveite er ei kisteforma, steinsett grøft som ledar vatn vekk frå vegen. Mange stadar er det sett inn plastrøyr i slike gamle veiter og tidas tann har sett sitt preg på dei historiske vegfara. Sætre og Reite lyftar forsiktig vekk heller og steinar slik at dei kan få fjerne røter, grus og mold som har samla seg i grøfta.
– Det er ikkje så mange som vedlikeheld slike gamle vegar lenger, forklarar Sætre, men før i tida var det pliktarbeid. Bøndene måtte reinske opp og passe på at kisteveitene var opne slik at vatnet kunne renne fritt.
Postvegen mellom Trondheim og Bergen er eit viktig nasjonalt kulturminne og ved restaurering blir det lagt vekt på å bruke tradisjonelle metodar. I staden for store maskiner, brukar murarane steinbukk for å lyfte vekk dei tyngste steinane. Ein reiskap med historiske røter langt tilbake i tid.
– Steinbukk trur eg var utruleg mykje brukt tidlegare, spesielt til vegarbeid, seier Sætre.

Eit puslespel
Med geiteflokken som beitar på Nedre Ljøen som publikum, blir digre steinheller fjerna frå toppen av veita.
Denne type restaurering er som å legge eit puslespel der bitane ikkje alltid passar. Ofte må dei bruke hammar og meisel for å få steinane til å passe i tørrmuren.
Steinane skal ligge i forband, for å gjere kisteveita sterk og stabil. Murarane passar på at dei blir plasserte slik at dei er låste i kvarandre.

Steinauge
Når dei treng meir stein, hentar dei den langs postvegen. Med erfaring får ein eit auge for kva slags steinar som passar. Det er vanskeleg å forklare med ord, ein jobbar meir på instinkt. Tørrmuring kan ein ikkje lese seg til, det er handlingsboren kunnskap.
– Det kan vere litt vanskeleg å lære det frå seg, fordi du ikkje heilt veit korleis du skal forklare kva du gjer.
Når dei største puslespelbrikkene er tilbake på plass, dekker murarane kisteveita med mold og grus.
Her på Nedre Ljøen har folk trakka spor i hundrevis av år. Og det skal vi halde fram med. Ta turen sjølv, opplev den nyrestaurerte kisteveita og ein vakker del av den trondhjemske postveg.

Sjå film frå restaureringa
Med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Geirangerfjorden verdsarv og Nasjonalt postvegprosjekt har Steinar Høydal og Rebecca Nedregotten Strand frå Høgskulen i Volda laga ein film frå dette arbeidet. Den kan du sjå her: