![Tur 1 Gunnåbrekka IMG 4638](/imager/images/Parseller/Bergen/25151/Tur-1-Gunnåbrekka-IMG_4638_9d843daba44239bb7906edf6c45aaf36.png)
Munkebotn - Eidsvåg
I Munkebotn går postvegen bratt opp Gunnåbrekka til Sølvberget. Langs denne strekninga er det storslått utsikt mot Bergen og Byfjorden. Bak den øvste bustadblokka i Skyttervegen held postvegen fram opp gjennom den bratte Våkenskaret. Ved Garpetjernet når ein vegens høgste punkt. Eit segn fortel at tjernet i mange år bar namnet Jomfrudammen fordi munker skal ha drukna ei ung jente her. Frå Garpetjernet går vegen nedover mot Langevatnet, der postvegen går i lag med hovudvegen frå siste del av 1800-talet. Ved Langevatnet ligg restar etter eit gammalt ishus, som vart brukt til å oppbevare isblokkar. Desse vart mellom anna eksportert til England. Det ligg også ein kai ved vatnet. I nordre ende av vatnet tek postvegen av og stuper bratt ned Kistekleiva mot Eidsvåg, medan 1880-vegen ligg i store slyngar ned fjellsida. Nedst i bakken ligg vegen i kanten av ei demning. Frå Eidsvåg auto kan ein følgje vegen vidare under E39 til Eidsvågsbakken og vidare forbi Eidsvåg fabrikker til Vollane.
![Tur 1 utsikten frå Gunnåbrekka IMG 4657](/imager/images/Parseller/Bergen/25153/Tur-1-utsikten-frå-Gunnåbrekka-IMG_4657_3e0af3c4d148d850ed1293487c765bc1.png)