Familie på 4 sykler på en skogsvei

Søk postveitilskudd til ditt prosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vidareutvikle og løfte fram lokalsamfunnet sin unike historiske kulturarv og særpreg gjennom programmet «Ein bit av historia», og lyser no ut 500 000 kroner til prosjekt langs den gamle postvegen.

– Frå og med 20. november til 15. januar kan både kommunar, museum og frivillige søke om tilskot til arbeid med kulturminne langs den gamle postvegen i fylket. Det er sett av 500 000 kroner til dette, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkeskommunen si satsing på postvegen er ein sentral del av prosjektet «Ein bit av Historia» som er retta inn mot Noreg sitt tusenårsjubileum i 2030. Den Trondhjemske postveg, er det lengste vegkulturminne vi har i fylket, men også det mest sårbare. Derfor er det viktig å ta vare på, og formidle dei få strekningane som framleis er synleg i landskapet. Langs vegane er det også mange fine posthistoriske kulturminne som har eit unikt potensiale for både bruk og formidling til ulike målgrupper. Det er ønske at desse miljøa og kulturminne i større grad skal komme fram i lyset og bli ivaretatt.

Du finn støtteordninga ved å følgje denne lenka og søknadsfrist er måndag 1. mars.